Borettslaget 4 Blocks
Les nyhendebrevet på nett
Sendt til eigar/bebuar av andel

Korleis er radiatorane i din andel?

Styret ynskjer å kartleggje korleis radiatorane er i burettslaget, så vi kan få oversikt om det er områder der det er særleg dårleg.

Vi ber alle om å svare, sjølv om temperaturen hjå deg er fin.

Skjema for undersøkelse om radiator-temperatur

Kva kan ein forvente?

I nokre andelar som er tidleg i kjeda vil radiatorane bli ganske varme, medan andre vil ha ein ok lunk. Nokre andelar har vesentlege problemar og har hatt det over mange år, noko vi er klar over.

Kva kan eg gjere som bebuar?

Det viktigste du kan gjere som bebuar er å aldri ha radiator under snøkrystall (❄) og å lufte radiatoren.

Kva kan burettslaget gjere?

Radiatoranlegget i burettslaget er underdimensjonert frå byggestart, og det er ikkje mykje vi kan gjere med det. Det er brukt masse energi og innlegid kapasitet for å gjere undersøkingar og prøve å gjere det betre, men det vil nok aldri bli "glovarmt" med kun radiatorar. 

Hugs alternativ oppvarming

Hugs at DSB tilrår alle å ha to ulike typar oppvarming, så det er uansett lurt å kjøpe inn t.d. elektrisk vifteomn for å ha seinare, i tilfelle noko slikt skjer når det er kaldare ute.

DSB: Råd om oppvarming og beredskap

Du får denne e-posten fordi du er registrert som eigar eller bebuar av ein bupæl (rekkehus eller leigenheit) i Borettslaget 4 Blocks i Breigata på Grønland, Oslo
Les nyhendebrevet på nett
Meld av nyhendebrevet  
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -