|
Dugnad 11. mai frå kl 17
Måndag 11. mai er det dugnad i borettslaget! Vi skal få fellesareal ryddig og fint til 17. mai og sommaren. Møt opp frå klokka 17. Kan ikkje du komme, send oss gjerne ein e-post så får du nokre andre småoppgåver å gjere :)
Det er mange ting vi skal få gjort frå rydding, vasking, maling, fiksing, ugressluking og anna. Vi finn ei oppgåve som passar - alle kan bidra!
Om du vil bidra med noko mat, kake eller liknande så er det veldig koseleg! Vi stiller uansett med kaffi, te og brus. Og sjølvsagt hanskar og anna du treng for sjølve jobbinga.
Våren er her! Balkongar, bakgard og tak blir tatt meir i bruk
Det er kjekt å få det varmare, og stadig fleire brukar balkongar, tak og bakgard. Hugs at det skal vere stille i bakgarden frå klokka 21:00. Lyd bærer veldig lett, sjølv om at ein trur at det er rolig snakking.
Når vi tek i bruk fellesareal må vi tenke på naboane - altså rydde etter oss (og gjerne litt ekstra) samt rydde vekk leiker, møblar, syklar o.a. Ordensreglar
|